Beskrivelse

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Os kommune er i stor vekst og utvikling og kan by på spanande og utviklande oppgåver i kommunehelsetenesta.

Kommunen har totalt 12 avtaleheimlar i storleik 50 % – 100 % fordelt på 5 institutt. Det er no ledig 50 % avtaleheimel ved Fysioterapisenteret i Irisgården.

Avtalefysioterapeutane samhandlar tett med fast tilsette fysioterapeutar i ei samla og heilheitleg kommunehelseteneste.
Fysioterapitilbodet i kommunen er breidt samansett med individuell behandling, grupper og kurs, både kurativ og førebyggande, samt ulike treningsgrupper både på institutt og i basseng.

Os kommune er i samanslåingsprosess med Fusa kommune fram mot 1.1.2020. Målet for tenesteytinga i den nye Bjørnafjorden kommune er å skape endå betre tenester med godt tilgjenge, gode fagmiljø og rom for fagleg og personleg utvikling og vekst.

Krav
Fysioterapeuten skal drive praksisen sin i samsvar med helse- og omsorgstenestelova, gjeldande avtaleverk ASA 4313 og planar for helse- omsorgsektoren i kommunen.

Arbeidsstad
Fysioterapisenteret i Irisgården, Hamnevegen 48, 5200 Os

Arbeidsoppgåver

  • Fysioterapi både individuelt og i grupper til ulike aldersgrupper
  • Heimebehandling


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisert fysioterapeut
  • Erfaring frå privat praksis
  • Har breid fagleg kompetanse og klinisk erfaring med ulike pasientgrupper, gjerne muskel/skjelett og kroniske lidingar
  • Erfaring med ulike aldersgrupper
  • Interesse og engasjement for heilheiltleg forståing for samanheng mellom psykisk og fysisk helse

-God kommunikasjons- og samarbeidsevne

  • Er fleksibel, løsningsorientert og initiativrik
  • Kan bidra til utvikling av kommunen si fysioterapiteneste
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Den som får tildelt tilskotet må leggja fram tilfredstillande politiattest før tiltreding.

Vi tilbyr
God samhandling gjennom samarbeidsutval for kommunalt tilsette fysioterapeutar og avtalefysioterapeutar.

Søknadsinformasjon:
Spørsmål om lokalisering av driftstilskotet eller andre spørsmål kan rettast til Fysioterapisenteret i Irisgården, tlf. 56301056.

Søknadsfrist: 05.06.2018

Arbeidsgiver: Os kommune

Sted: Os

Bransjer: Helse og omsorg

Hentet fra: FINN

Referansenummer: 120453539

Se annonse

Stillingsnummer: 1243-2018-05-25 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: NAV Servicesenter
Medium: Finn