Beskrivelse

TYSVÆR KOMMUNE FYSIO/ERGOTERAPI

Aksdal
5575 AKSDAL

.

H-11 Ergoterapeut 100% st fast Fysio-/ergoterapitenesta

Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta


Beskrivelse av avdeling

Tysvær kommune har ledig 100% stilling fast som ergoterapeut. Stillinga er organisatorisk plassert i resultatområdet Helse og førebyging, seksjon Helse. Stillinga rettar seg mot vaksne og barn. Ergoterapeutane arbeidar med førebyggjande og helsefremjande arbeid, behandling av sjukdom og skader, og med ulik form for trening.


Vi søkjer

Antall stillingar: 1

Stillingsprosent: 100% stilling

Tilsetjingsform: Fast frå 01.08.18

Arbeidstid: 37,5 t/veke


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging individuelt og i grupper.
  • Undervsining og rettleiing til pasientar, pårørande og anna fagpersonell.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Formidling, tilpassing og opplæring av tekniske hjelpemiddel.


Krav til kompetanse

  • 3-åring høgskule, off. godkjent ergoterapeututdanning.
  • Arbeidserfaring som ergoterapeut er ønskeleg.
  • Beherske digitale verktøy.
  • Kunne arbeide systematisk og strukturert.
  • Evne til relasjonsbygging og samarbeide med ulike profesjonar og tenester, bør like teamarbeid.
  • Vere fleksibel og open.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Det er eit krav at søkjar har sertifikat.


Vi tilbyr

Arbeid som er vikteg, utfordrande og variert.
Godt fagmiljø.
Triveleg arbeidsplass.
God opplæring. Rettleiing og oppfølging på jobben av leiar og kollegaer.


Lønnsvilkår

Etter gjeldande avtale og regelverk.


Slik søkjer du

Søkjarar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen si nettside: tysver.kommune.no.

Spørsmål kring korleis du søkjer kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.

Vitnemål og attestar skal kun takast med til evt.intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.

Godkjent poitiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggja føre ved tilsetjing og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det blir teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.

Søknadsfrist: 04.06.18

Arbeidsgiver: Tysvær kommune

Sted: Fysio og ergoterapi tenesta

Hentet fra: Kommuner-Visma-Vest

Referansenummer: stilling.tysver.kommune.no/recruitment/opening?0?2857

Se annonse
Stillingsnummer: 1146-2018-05-16 (Oppgis ved kontakt med NAV)